![]()
Det har vore mange lovord å få frå utstillarane som hadde funne vegen til martnan etter at denne vart fløtt til Loarområdet. Ekstra populær var den nye mini brukt- og antikk messa i Lom samfunnshus. Også utstillarane på Loarområdet melder om stort salg og dei aller fleste ynskjer å kome attende til Lom neste år. Vi ynskjer sjølvsagt også nye utstillarar velkomne og gjer det vi kan for å få eit mest mogleg variert varespekter. Særleg har vi eit ynskje om at lokalt næringsliv skal vere meir aktive før og under Fjordingsmartnan. Ring 61211003/97169557. Det blir satsa på presentasjon av eitt vidt varespekter. Dei fleste næringar er representerte. Særleg interesse er det likevel for produkt tilknytt landbruk og håndverk. I 2008 var omlag 70 utstillarar påmeldt med stands. Det er lagt opp til ein mest mogleg intim marknad med konsentrasjon av utstillingar og aktivitetar.
|
Brukt og antikk |