Velkomen til martna
Eg vil få ynskje alle hjarteleg velkomne til ein ny Fjordingsmartna i Nasjonalparklandsbyen Lom, eit arrangement vi er svært stolte av. I 2009 delte Lom kommune ut næringsprisen til Fjordingsmartnan, dette for å vise kor mykje den betyr for bygda vår.


Sidan oppstarten i 1995 har Fjordingsmartnan utvikla seg til å bli ein viktig og interessant møteplass. Ein nyskapande møteplass med røter i gamle tradisjonar. Nasjonalparklandsbyen Lom har mykje å vera stolte av og mange gjestar bygda vår, særleg i sommarhalvåret. Dei tilreisande ynskjer å oppleva noko av det vi har rundt oss i kvardagen. I august 2009 vart Breheimen nasjonalpark opna, det betyr at vi nå har tre nasjonalparkar innafor kommunegrensene våre. Tilrettelegging for tilreisande som kjem til Lom der verdiar tufta på natur og kultur er så sentralt, er viktig. Tilrettelegging famnar om mykje. Det er mellom anna gode servicetilbod som informasjon, mat og overnatting, aktivitetar og opplevingar. Det å ha fokus på å vera eit godt vertskap er avgjerande her. Tilreisande er meir krevjande enn dei har vore før, dei skal oppleva mest mogleg den tida dei er her.

Her er Lom inne i ei god utvikling, mange spennande prosjekt tufta på desse verdiane, ser på tilretteleggingstiltak som viktig for at fleire skal få ta del i det vi sjølve er så stolte av. Det å vera gjestfri betyr mykje for Lom. I vinter arrangerte Lom kommune og Klimaparkprosjektet eit seminar med tema vern og lokal verdiskaping, her var fokuset mulegheiter og ikkje begrensningar. Korleis skape arbeidsplassar med det utgangspunktet, korleis sjå på på vern som ein ressurs. Fleire spennande tankar og mulegheiter vart presentert på dette seminaret, og fokuset var at tradisjonar og verdiar må og føre med seg verdiskaping og utvikling. Lom har nye og etablerte verksemder som i år og kan ynskje velkommen til martnashandel. Mange dyktige innbyggarar, næringsaktørar og samarbeidspartar kan på nytt syne fram at i Lom er vi opptekne av utvikling og mulegheiter sjølv om vi og har våre utfordringar. Slik er Fjordingsmartnan ein viktig møteplass for bevistgjering for oss sjølve, men ikkje minst for dei mange tilreisande. Fjordingsmartnaen er eit av dei viktigaste arrangementa vi har i Lom, som eg veit at eg og mange med meg er stolte av.

Hjarteleg velkomne til Lom
Mai Bakken
Varaordførar

 

Utskrift av sida


Attende...