Horseback archery
Bogeskyting frå hesteryggen har vore ein viktig del av historia i årtusener. I mange slags sivilisasjonar har dette vore ein avgjerande aktivitet både for å skaffe nødvendig føde og å halde fienden på avstand. På Fjordingsmartnan kan du sjå denne aktiviteten demonstrert. Som ein av få i norden er Arnt Jonny Alme frå Sandane aktiv med denne fascinerende aktiviteten, som i våre dagar heldigvis er ein sport i staden for kamp på liv og død.

Alme er ein ekte hestekar. Han rir uten bitt og sal treng han heller ikkje. Utdanneinga si har han fått på hestesenteret til pioneren Lajos Kassai i Ungarn der hundrevis av ryttarar frå heile verda blir samla for å lære, trene og konkurrere. Arnt Jonny har burgunder kaftan (fotsi frakk), som tegn på sitt nivå. Fullblods arabar Sjølv rir han Pinto, anglo-arabar og fullblods arabar, men seier ikkje nei til å ri andre slag heller. Arnt Jonny underviser både i horsemanship og bogeskyting frå hesteryggen og vil gjerne ha fleire til å drive med denne aktiviteten.

Utskrift av sida


Attende...