Martnasfylgje med rekordforsøk
Martnasopptoget laurdag er for mange sjølve høgdepunktet på heile martnashelga. Opptoget blir også i år laurdag føremiddag.


Deltakarane blir samla på industriom-rådet mellom Lom Møbelindustri og Bøvra ved Kvam Mek. kl. 11.30. Opptoget startar kl. 12 og går gjennom Fossbergom via Helseheimen og ned til Loar. Det er premiering av dei beste og mest sjarmerande ekvipasjene. Ved ankomst Loar vil opptoget gjere ei runde i ytterkant av jordet der publikum og ein jury kan gjere seg opp ei formeining om kva for duo som gjer størst inntrykk.

Utdeling av sponsorpremiar blir gjort umiddelbart etter ankomst. I 2008 var det registrert over 70 hestar i opptoget som nok er det meste som har vore samla nokon gong. Kanskje kan vi greier å samle enda fleire i år. Du må ikkje å leggje så mykje arbeid i klær og pynting av deg sjølv og hesten.

Utskrift av sida


Attende...