Det er eit spennande og aktuelt beite med musikkarar som blir å treffe i Presthaugen under årets martnasfest. Både Staut og Von har akkurat kome ut med sine respektive debutalbum, dei glir båe rett inn i lokal folkrocktradisjon og har lokal tilknytning så det held. Båe presenterer sin musikk på dialekt og båe brukar bandnamnet som tittel på albumet. Både Staut og Von er utgjeve på plateselskapet Grammofon, som også har Lomsk på si utgjevarliste og som i 2009 ga ut Diktarplager der Ole Jonny Bekkemellom i VON er setral. Om Von i GD.. Før Von og Staut startar opp blir det Unge talent i Presthaugen der lokale musikktalent presenterer kjente klassiske låter Frå kl. 21 kan du høyre m.a. Brede Aamodt, Kjartan Haugen Foss, Eilev Magne Øverli, Knut Inge Øverli, Brage Lund Aakre, Iver Lund Aakre, Torgeir Rusten Lund, Juni Jonsson, Ragnhild Kvåle Olstad, Ola Vestad og Kjell Erik Nestvold. Verd å få med seg! Tre av medlemmene i VON er frå Heidal - dei to andre er frå Sel og Otta men forlengst erklært som "skapheidøler". VON skriv om seg sjølv at gruppa eigentleg skulle bli verdensstjerner og stå på Wembley Stadion med 50 000 skrikande ungjenter med bar overkropp som publikum. Million-beløp skulle renne inn på konto. Slik gjekk det ikkje heilt. Men VON heldt fram med musikken. Wembley vart bytt ut med pubar og samfunnshus og ungjentene vart eldre og eldre. Likevel så levde draumen vidare. VON gjekk så attende til sine røter og skreiv låtar på sitt eige morsmål. Det ga musikken ein meir ærleg dimensjon. Sjela i musikken vart ikkje lenger kamuflert bak halvflat skuleengelsk. Plutseleg stod VON der med ei platekontrakt i handa og viste ikkje heilt kva som skulle skje. Det rykande ferske albumet Von er eit album som vitnar om at det er lov å fantasere. Wembley blir det antakelet ikkje nok av og ungjentene har for lengst kledd på seg og gått heim att. Men Prest-haugen i Lom er eit godt alternativ. Høyr på musikken, kos deg, og - ikkje gløym å drøyme.
Staut , Von og lokale talent

STAUT har vore ute med sitt debutalbum sidan april og har fått svært gode kritikkar. Riktig en gobit - en herlig blanding av folkemusikk, pop og rock , De gjør det enkelt når det skal være følsomt, og hiver på køl når det skal danses, og en tvers gjennom imponerende albumdebut, er nokre av kritikkane Staut har fått, som har hatt singelen Vallersbrur på toppen av NRK Hedmark og Oppland Topp 8 liste og har låten «Då e leita» på B-lista på NRK P1. Gutta i Staut har mange års erfaring frå dei fleste musikkgenre og serverer humørfylt musikk som oser av speleglede.
Attende...