Kaniner, høns, alpakka....
I tillegg til hest av dei fleste rasar og dimensjonar vil du treffe mange andre skapningar under Fjordingsmartnan.

Den mest spesielle er kanskje alpakkaen frå Kjeka i Skjåk som også i år er representert på martnan. Det er venta føll på Kjeka i løpet av forsommaren. I tillegg til å bivåne desse rare skapningane har du også høve til å kjøpe alpakka-garn frå Kjeka.

Trond Martin Bakke frå Tessand er like entusiastisk når det gjeld smådyr og stiller opp med hengarar fulle av høns, kaniner og andre to- og firbeinte Ta med dyr Har du smådyr du kunne tenkje deg å syne fram så er det berre å ta dei med på martnan. Du finn sikkert plass til desse på grøntarealet mellom Loar og Prestgardsjordet. Her er det godt med skugge og god tilgang til vatn. Du må sjølv ha oppsyn med dyra dine.

Utskrift av sida


Attende...