Duo med rideoppvisning x 2

Karin Heggeli Moen (16) og Rusvarta (11) e. Randsvarten og Hanne Jørstad Svendsgard (29) med Erling Rabalder (5) kjem frå Lesja og skal ha oppvisning i spegelridning laurdag i pausa i åringsutstillinga. Ida Cecilie S. Stenersen og Jeanet Blankenberg Oonk. vil i tillegg ri eit sjølvkompnert dressurprogram og syne oss nokre vanskelege dressurøvingar som pasage, piaff og versader.

 


Karin har nyleg teke NM-tittelen for junior i dølehest og Hanne skal på fjordhest-NM seinare i år. Hanne har nyleg starta i dressur D-stemne og fekk heile 69% i LB! Foto privat.


Jeanet kjem opprinneleg frå Nederland der ho var ein aktiv konkurranseryttar i dressur. No bur ho i Bøverdalen. Ida kjem frå Askim, der ho konkurrerte aktivt i dressur og sprang. No bur også ho i Lom. Jeanett og Ida tek båe på seg undervisning.

Utskrift av sida


Attende...