Konkurranser på hesteryggen!
Etter suksessen i fjor, vil Jotunheimen hestlag også i år arrangere høgdehoppkonkurranse. Her er det berre å leggje seg i hardtrening og stille opp. Det blir ppvarmingsrunde før tevlinga tek til.


Bli med på utfordrande sprang!
Vil hesten hoppe over ting som dei ikkje er vant til å hoppe over? Badekar, sofa, bord ... Her er det også mogleg for alle å melde seg på, men prøv gjerne litt heime fyrst. Alle får prøvehopp. Påmelding høgdehopp og utfordrande sprang til Ida: 93490490 eller møt opp på plassen innan ein halvtime før start. Alle under 16 år MÅ bruke sikkerhetsvest og anna obligatorisk tryggleiksutstyr. Vi anbefaler også eldre deltakarar om å bruke vest.

Bli med på Gymkhana!
Gymkhana kan samanliknast med stafett, men her er det innlagt ulike øvingar undervegs som slalom, lite hinder, potetløp osv. Alle på laget brukar den same hesten. Dette er ei fartsfylt underhalding og ei uhøgtideleg tevling med mykje latter med fire startande på kvart lag. Er det vanskeleg å få til fire, kan ein eller to ri fleire gonger. Her kan også nesten heilt uerfarne ryttarar vere med. Det er ynskjeleg med påmelding før martnaen og Jotunheimen Hestlag oppfordrar alle som har eigna hest til å få med seg nokon til å danne lag. Meld på lag til jhestlag@yahoo.no

 

 

Utskrift av sida


Attende...