Poenget er å få til ei utstilling som syner fram traktorane og historia slik ho ein gong har vore. Initiativtakar Bjørn Sverre Grjotheim ber folk i Ottadalen om å ta kontakt dersom dei kan tenkje seg å vera med på utstillinga (tlf Bjørn Sverre: 90951561). Målet med årets samling er å slå rekorden frå fyrste året da det var samla ca 30 traktorar av forskjellige årgangar.
Masseymønstring
Det blir oppfylgjing av den svært vellykka Massey Ferguson mønstring frå i fjor under årets martna. Masseymønstringa i 2009 vart ein stor suksess med eit tredvetals traktorar av ny og eldre dato.

Attende...