Kaldblodstravaren
Dei tre siste åra har vi på Fjordingsmartnan hatt presentasjonar av norske hesterasar; dølahest, fjordhest og nordlandshest / lyngshesten. I år er det kaldblodstravaren sin tur.

Kaldblodstravaren er ein sterk og hardfør kaldblodsrase, populær her til lands. Rasa stammar frå den norske dølahesten, og er med tida kryssa med lettare rasar for å få ein raskare og smidigare kjørehest. Kalblodstravaren er nå anerkjent som eiga rase i Norge. Kaldblodstravaren er som regel mellom 140 og 160 cm høg. Normalt i fargane svart brun og raud, men den kan også vere borka, skimla og pintofarga. Rasa blir hovedsakeleg brukt til trav, men egnar seg også som ridehest grunna sitt ofte gode temperament. Rasa er utbredt i Norge både som hobbyhest og konkuransehest innan western, sprang, dressur, feltritt og distanseritt. I høve til varmblodstravaren er kaldblodsen mindre, meir kompakt, kraftigare bygd, meir eignafor norske tilhøve, men ikkje like rask. Kaldblodstravaren blir avla i Norge, Sverige og Finnland og finst ikkje utanfor Skandinavia. På Fjordingsmartnan blir det fram-syning av kaldblodstravaren i trav, sprang western horsemanship, kjøring og visning av forskjellige fargevariasjonar. Kaldblodshoppa Ramstad Tia, eigar Gro Nørjordet Moen. Foto May A. Bruøygard. 2009.

Utskrift av sida


Attende...