Lom er ein turiststad i Gudbrandsdalen med eit mylder av folk sommarstid.  Fjellet og breane er kanskje det vi er mest kjende for med landemerke som Galdhøpiggen og Glittertind.  Mange kjenner også til det trivelege folkelivet i Lom sentrum med eit yrande folkeliv. Fjordingsmartnan har dei siste åra vore arrangert på historisk grunn på Loartunet i Lom sentrum med den majestetiske Lomskyrkja frå 1100-talet og Norsk Fjellmuseum som næraste nabo.  Loartunet er opprinneleg den gamle prestegarden i Lom med gamle bygingar som dannar eit triveleg og koseleg tun. 

 

 

Frå austlandsområdet og Trøndelag fylgjer du E6 til Otta. Så vidare vestover til Lom langs rv. 15 Frå vest er Lom knutepunktet der rv 15 frå Måløy/Stryn møter rv 55 frå Sogndal/Årdal. Avstandar: 345 km frå Oslo, 432 km frå Bergen, 312 km frå Trondheim, 60 km frå Otta.  

Sjå http://www.visitlom.com