Ved høgsumarleige var Gråv ein fin plass med vakkert utsyn over Skim som låg braglande i sumarbris. Det var nok vanskeleg å finne ein penare plass for eit høgsumarsstemne den gongen. Sjølve martnan skulle etter dei gamla almanakkene vera 1. juli. Og bygdafolket såg fram til eit par festdagar med martna lang tid i førevegen. Da skulle dei for eit par dagar vera fri for alt slit og alt arbeid. Når tenarane festa seg på gardom, tok dei unda fri martna og gardbrukarane innretta arbeidet etter det. Dei freista å få undagjort vatning og budde seg på slottonna som da nærma seg. Og så fekk alle eit par festlege og morosame martnasdagar før det bar laus med slåtten for alvor.
Ei tid møtte det au opp brennevinsgauar,
men dei heldt seg i utkanten av sjølve martnasplassen - helst innved Kjerringholet.
Utgjennom 1890-åra var det slutt på brennevinsalget. Etter som dagen lei, drog det seg i
hop fleire og fleire folk, alle pynta i sin stivaste stas. Kvinnfolka kom berr-erma i
rutaliv og råndastakk og med stivaturkla på hovudet. Dei gjekk oftast i flokkar,
fortalde nytt og spurde nytt. Karane kom i tjukke vadmålsklede av svart, heimvove ty,
persatty som dei kalla det. Det var mange hugnadssame og trivelege møte på
martnasplassen. Folk frå utakntane i bygda kom og slekt og kjenningar møttes og bytte
nyheiter og sat på grasbakken og kosa seg. Det var ikkje så ofte folk frå utkantane
hadde høve til å koma ut den tida. Og desse dagane var dei frie frå plikter og strev.
Om dei hadde traska og gått ei mil eller to for å koma til martnan, så var
trøyttleiken gløymt når dei kom dit. Utpå dagen kom hestane som var att og karfolka
gjorde seg ein runde og såg på dyra og prata og fann både lyte og fordelar ved dei. Utover eftan vart tilstrøyminga av folk større og større etter kvart og ein og annan tok til å verta utstø på beina. Frå borti skogkrullom tok krotspelarane til å krype framatt og fann vegen til kaffebordet. Det smatke med ein kaffekopp etter at dei hadde sete i timevis med kortleiken og etter at lykke kanskje attpå til hadde vore så som så. Folk trekte seg ut mot danseplassen, felelåten tok til å låte så lint og fint og om ikkje lenge gjekk dansen lett og livat over grassletta. Dansen gjekk heile natta til ende - til sola rann. Noko hujing og krangel var det nok her og der. Utpå morgonsida tok folk til å reka seg på heimveg. Somme hadde med seg slekt og vener heim som gjester, og jenter og gutar fann kvarandre på heimvegen.
(Fortalt av Sylfest Stamstadbakken.) (Illus. Dagny Dalen.) |