Som i tidlegare tider, spelar også i dag hesten hovudrolla under Fjordingsmartnan. Interessa for hest i Ottadalen er stor, og Fjordingmartnan samarbeider med dei lokale hestorganisasjonane om utstillingar, demonstrasjonar, barneridning, konkurransar og andre aktivitetar.  Den store åringsutstillinga samlar kvart år rekordmange åringar og set sit preg på martnaslaurdagen. Åringsutstillinga har nå fått offisiell status og har etter kvart vorte eit av hovudinnslaga på Fjordingsmartnan. - Det som gjer denne utstillinga spesiell er at det her berre er åringar. På andre utstillingar kjem ofte åringne i skuggen av hestar i andre klassar, fortel Ole Vesta i Ottadalen Dølahestlag. Kontaktinformasjon finn du på sidene til Dølahestlaget.

16-09.jpg (322790 bytes)

I 2007 starta vi opp med ein presentasjon av enkeltraser og valgde da naturleg nok dølahesten. I 2008 var det fjordhesten sin tur og i 2009 var det presentasjon av Nordlandshesten / Lyngshesten. I år er det kaldblodshesten sin tur til å bli presentert i tillegg til at det vil bli rasemønstring av så mange rasar som det let seg gjere å samle.

Vi har heilt sidan starten i 1995 forsøkt å ta med oss mest mogleg frå Fjordingsmartnan på 1800-talet og hesten står da naturleg nok i fokus. Namnet Fjordingsmartnan kjem av at fjordingane (folket frå fjordane) kvart år kom over fjellet med hest og varer for salg og fest. Vi samlar fleire og fleire hestar og hesteinteresserte kvart år og forsøker stadig finne å fram til nye aktivitetar. I tillegg til ein brei presentasjon av hesterasa med visning av flest mogleg av dei forskjellige fargenyansane, konkurransar/tevlingar, oppvisningar osv. Målet må vere å få samla så mykje fjordhest og fjordhestfolk som mogleg i Lom denne helga. Gudbrandsdal Fjordhestlag arbeider med program for dette.

Skjåk hestlag er ein annan sentral aktør som har ansvaret for barneridning, har eigen leir for både tobeinte og firbeinte på martnasområdet og som stadig kjem med nye idear og innspel til aktivitetar på martnan.   Det nystarta Lom hestlag vil i år bli med for fullt med aktivitetar og konkurransar. Også Stall Sæther frå Skjåk skal ha eigen leir på området og barn og hest skal vere med i forskjellige aktivitetar martnashelga. 

Jotunheimen Hestlag var nye aktørar under martnan i 2008 og blir heilt sikkert å treffe med aktivitetar og oppvisningar også i 2009.

Jetta Hundeklubb
held fram det gode arbeidet og den store aktiviteten under Fjordingsmartnan. Jetta Hundeklubb er ein trufast aktør under Fjordingsmartnan. Barn og hund  fredag er ei tevling der barn får høve til å vise fram kor flinke dei er til å syne hunden for dommaren. I kåringa av Fjordingsmartnans penaste hund kan alle typar hund delta, blandingsraser blir særskilt oppmoda og vinnaren blir kåra av tre lokale dommarar etter utslagsmetoda. Påmelding til alle aktivitetane til Jetta Hundeklubb skjer på Loarområdet før tevlingane startar.